Fellesforum “For folk og fjell”

Det nyttar å spreia kunnskap. Å bygga ned urørt natur er ikkje løysinga.

  • Fellesforum "For folk og fjell"

    "FFoF skal aktivt arbeide med natur og miljøvern. Organisasjonen skal samle informasjon og kunnskap og drive opplysningsarbeid. Aktiviteten er særleg innretta mot å unngå utbygging av vindkraft i områda rundt Årdal, men skal òg omfatte involvering i saker knytt til andre naturinngrep, samt vern av natur og naturmangfold.»

    Våre medlemmer har breid kompetanse innan natur og naturforvaltning, naturbasert næring, villrein- og areal-forvaltning, bærekraft, kraftintensiv industri, samt kraftproduksjon og distribusjon. Vi er ein uavhengig organisasjon, men har samarbeid med andre lokale lag, nemnder og organisasjonar som har samanfallande interesser. Vi samarbeider også med Motvind Norge i utvalde saker.

    Vi ynskjer å ivareta og utvikle lokal kraftproduksjon, industri og næringsliv under føresetnad av at dette vert gjort på eit bærekraftig vis. Dette med minst mogleg negativ påverknad på natur og naturmangfold og at kommunen sitt mål om arealnøytralitet vert ivareteke.

  • Nei til vindturbinar i fjella våre

    Slik vil det sjå ut frå Årdalstangen om det vert sett opp vindturbinar som er 250 m høge på Eldegardsnosi. Legg merke til kraftmastene på 40 meter midt i biletet. Vil du læra meir om natur og energi og følgjene av at økonomi får gå framfor økologi? Trykk på knappen nedanfor.

  • Villreinen - den einaste som er igjen

    Kvifor treng me ei kvalitetsnorm for villrein? I dag finn me den europeiske villreinen nesten berre i Noreg. Villrein er difor ein nasjonal ansvarsart, som me har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på. Opphavleg fanst villrein i heile fjell-Noreg, men på grunn av menneskelege inngrep er den norske villreinen i dag avgrensa på 24 avskilte område i Sør-Noreg. Me finn to slike område kring Årdal - i Vest-Jotunheimen og i fjella mellom Årdal og Lærdal. Fleire av dei større nasjonale villreinområda består allereie i dag av to eller fleire delbestandar, og det er fare for ytterlegare fragmentering i framtida.