Nyhendebrev frå For folk og fjell - august 2025

Kjære alle venner av naturen!

Nedanfor følgjer litt informasjon om arbeidet til For folk og fjell:

1) Folkemøtet 10.juni i Årdal kulturhus

Møtet var vellukka, og me fekk gode tilbakemeldingar. Frammøtet på ca. 50 personar var imidlertid lågare enn forventa. Denne gongen hadde me vinkla programmet med tanke på ungdom ved å ha influensaren "Stian på stien", Stian Opsahl, som ein av føredragshaldarane, men diverre fikk me ikkje ut invitasjonen på vidaregåande skule som planlagt, og dermed møtte ingen ungdommar, - synd.

Det var kostbart å arrangera dette folkemøtet, og me var heilt avhengige av den omfattande støtta som me fekk frå organisasjonar og næringsliv, så mange takk til dei!

2) Medlemmar / medlemsavgift

Me har fått nokre nye medlemmar i løpet av sommaren, men er framleis ca 30 totalt. Me treng fleire medlemmar, så flott viss du får venner med felles interesse til å melda seg inn via heimesida vår forfolkogfjell.no  ved å klikka på "Bli med" på framsida, som linkar til innmeldingsskjema, samt informasjon om kontingent og vippsnummer for betaling av kontingent/ gi støtte.

Ved gjennomgang av Vipps-kontoen vår ser me at nokon av dykk har gløymt å betala kontingenten på kr 100,- for 2025. Me håpar på snarleg innbetaling, sidan me har faste utgifter til drift av heimesida, samt enkeltutgifter me har hatt til flygeblad og ein "roll-up". Økonomien vår er høgst avgrensa, og me treng medlemskontingenten!

3) Status vindkraft i Årdalsfjella

Me har ingen ny informasjon utover opplysningar som kom fram på folkemøtet. Hydro bekrefta der at dei ser på moglegheitene for ei utbygging i fjellet sør for Torolmen, men bekrefta ikkje at utarbeiding av eit planinitiativ til kommunen pågår. Det me imidlertid veit, er at Hydro Rein har hatt kontakt med grunneigarar i Vang for å evaluera å strekka planområdet austover. Diverre er kommunikasjonen mellom Årdal Energi og Hydro Rein (dei har ein samarbeidsavtale) unnateke offentlegheita, - ei omgåing av offentlegheitslova, sjølv om Årdal Energi er 100% egid av kommunen!

Me fryktar at planinitiativet kjem, og at Årdal kommunestyre vil godkjenna dette (ei evt. forskyving inn i Vang krev sjølvsagt godkjenning der også).

Det er difor viktig at me alle er bevisste på dette, og brukar dei kanalar me har til å påvirka innbyggarane i Årdal, samt kommunestyrerepresentantar, Hydro-tilsette/leiing og Årdal Energi. Ved å ha ein stor og open motstand i folket blir det vanskelegare å ta ei upopulær avgjersle for kommunestyret! Vårt primære mål er sjølvsagt å formidla informasjon utad / offentleg som får Hydro til å revurdera sitt ønskje om vindkraftutbygging, og at eit planinitiativ ikkje blir utarbeida. Det er erfaringsmessig svært vanskeleg å stansa ei vindkraftutbygging etter eit godkjent planinitiativ! 

Så her kan me alle hjelpa til, - skriv gjerne personlege lesarbrev i lokalavisene / Porten.no, og/eller sei frå om kva de meiner på sosiale media! Berre det å skriva om ein flott fjelltur i Årdal, og om kor øydeleggande eit vindkraftverk ville vore for di oppleving, tyder mykje! Det er langt mer verknadsfullt at fleire privatpersonar ytrar seg, enn berre nokre få av oss gjentatte gonger i regi av FFoF! 

4) Aktivitetar framover

  • FFoF-styret vil koma tilbake med info om medlemsmøte i oktober.

  • Godt utpå hausten planlegg me ein open, fagleg kveld om kjernekraft. Me har god kontakt med selskapet Norsk Kjernekraft AS.

  • FFoF-styret vil halda fram med å å ha kontakt med Årdal Energi, kommunen og Hydro, for om mogleg å få mer detaljert status, samt avhalda eit avtalt, fagleg møte med Hydro Rein og Årdal Energi.

  • Ein ytterlegare aktivitet er å følgja opp Statnett sitt arbeid med linjeforsterking Sogndal - Øvre Årdal. Energidepartementet har gitt Statnett aksept for vidare prosjektarbeid med traséval og dimensjonering, etter godkjenning av Konseptvalgutredningen. Departementet påpeikte imidlertid at KVU'en ikkje la tilstrekkeleg vekt på samfunnsøkonomisk verdi av tiltaket, og sette tvil ved Hydro sitt innmeldte kapasitetsbehov. Vår oppfølgijng av Statnett sitt arbeid er imidlertid avgrensa grunna manglande innsyn.

5) Samarbeid med Motvind Norge

- FFoF er ikkje tilknytta Motvind Norge, men me har fått svært god hjelp og økonomisk støtte frå organisasjonen. I ei rekke saker har me hatt - og vil ha - eit nært samarbeid, særleg med Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn (MSYS), og da med omsyn til utbygging av vindkraft i Høyanger. I det høvet holdt Kurt og Albert innlegg på eit politisk valmøte i Viksdalen søndag 10.august, i regi av MSYS. Føremålet med møtet var at stortingskandidatane for Vestland frå dei forskjellige partia formidla sitt syn på vindkraft, etter tre innleiande, faglege innlegg.

- Me har også sagt ja til å hjelpa Motvind Norge med å distribuera flygeblad til husstandane i Årdal, med info om dei enkelte partia sine rikspolitiske standpunkt til vindkraft.

- Me vil nytta høvet til å anbefala medlemskap i Motvind Norge. Organisasjonen har verkelig blitt profesjonell og ryddig, med høg fagleg kompetanse, og har no reell påvirkning i samfunnet med omsyn til vindkraft og energipolitikk. Motvind Norge har no over 23.000 medlemmar. Les mer på https://www.motvind.org/ , der du øverst på framsida også finn ein "knapp" for innmelding!

Ha ein fin haust!

Helsing styret i For folk og fjell

v/Rigmor, Åsne, Kurt, Mats, Vidar og Albert

Forrige
Forrige

Kvifor vindkraft ikkje er eit klimatiltak

Neste
Neste

Alternativ til vindkraft