Høyringssvar på Statnett si konseptvalutgreiing for Indre Sogn 

For folk og fjell er opptekne av å delta i diskusjonane i samfunnet, og nedanfor kan de sjå høyringssvaret me sende inn i samarbeid med ei rekke andre organisasjonar på Statnett si konseptvalutgreiing for Indre Sogn.

Statnett har utarbeidd ei konseptvalutgreiing for auka linjekapasitet i Indre Sogn. Denne blei presentert på Kulturhuset i Øvre Årdal den 17. september 2024. Saman med sju samarbeidande organisasjonar sende me inn eit formelt høyringssvar til Energidepartementet. I korte trekk tilrår me at ei evt ny kraftline følgjer dagens trasé Fortun - Øvre Årdal, men me stiller også spørsmål til i kva grad det er eit reelt behov for ei line med så stor kapasitet. Høyringssvaret frå oss kan du lesa her (merk at svaret er den vedlagte fila under oppsummeringa du først les).




Forrige
Forrige

Innspel frå FFoF til Kjernekraftutvalget

Neste
Neste

REFERAT: Vandreseminaret 2024