Folkemøte i Årdal 10. juni 2025
For Folk og Fjell arrangerte 10.juni folkemøte i Kulturhuset Øvre Årdal. Programmet romma føredrag av Stian Opsahl og Trygve Tamburstuen.
Friluftsentusiasten Stian, kjend for å ha fått vitnemål frå vidaregående skule ved å gå Norge på langs, formidla viktigheita av natur.
Trygve, som har vore statssekretær innan energi og industri, gav oss eit ufiltrert syn på norsk energipolitikk.
Etter kaffepausen gav Olav Magnus Linge frå Hydro ei orientering om selskapet sitt kraftbehov, og ordfører Christian Sønstlien la fram kommunen sine utfordringar.
Deretter leia ordstyrar Hallvard Thomassen ein paneldebatt.
Streaming av folkemøtet kan du sjå her: https://youtu.be/nIs_Appp7yg
(Merk at føredraget til Stian Opsahl er teke ut av streaminga, sidan han nyttar dette kommersielt.)
Frå paneldebatten i samband med folkemøtet som For folk og fjell arrangerte i Årdal kulturhus 10. juni 2025.